Terje & Co til Østfoldhallen
15.09.2011
19.og 20. november blir det keeperskule i Østfoldhallen i Fredrikstad. Med over 80 deltakarar i fjor håpar me på god påmelding også i år.

Med over 80 deltakarar i november fjor, må me berre tilbake til Fredrikstad og Østfoldhallen. I år blir dette arrangert i samarbeid med Sarpsborg08 og Østfold fotballkrets. Påmeldte kretskeeperar startar med ei treningsøkt på fredagskvelden medan keeperskulen opnar for alle laurdag.
Alle mellom 8 og 18 år kan melde seg på dette tiltaket. Keeperane vil bli delt inn etter ferdigheit og alder. Her vil deltakarane få utfordringar tilpassa etter om dei er landslagskeeperar eller nye i keeperrolla. Me legg opp til to treningsøkter på laurdag og to på søndag.
Detaljert program og info vil bli lagt ut snart.
Meld deg på no!
Betalingsinfo for keeperskulen i Østfoldhallen 19. og 20. november 2011
Innbetaling av kr. 1400,- pr deltakar blir registrert som gyldig deltakarbevis.
Betalingsinfo:
Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
tsk@keeperskule.no
977 72 804
Kontonr: 3720 12 78415 (Huggs å merke betalinga med namn)
