Terje Skjeldestad

Terje er ekte kauping og starta karriera si i alderbestemt fotball på Kaupanger. Han seier sjølv at det var tilfeldig at han enda opp som keeper. Han starta som utespelar, men i ein kamp hadde ikkje laget keeper så han måtte trø til - sidan har han stått i mål.

På grunn av sitt store keepertalent enda Terje tidleg i Sogndal. Der han spelte over 400 kampar før skadar sette han på sidelinja. Terje var fast inventar på aldersbestemte landslag, spelte på U-landslaget og fekk sjansen fleire gonger på A-landslaget. Blant anna var han med A-landslaget på turar til Hong Kong og La Manga.

Etter eit langt skadeavbrekk har Terje avslutta som aktiv keeper og er no engasjert som keepertrenar og assistenttrenar i Sogndal.