Om Terje Skjeldestad Keeperskule

Det er 19 år sidan me starta opp med 35 deltakarar på Kaupanger. Etterkvart auka interessa for dette tiltaket og i 2002 arrangerte me den første keeperskulen på Voss i samarbeid med FBKVoss. Det stoppa ikkje med det. Terje Skjeldestad Keeperskule har hatt store arrangement i Ålesund, Halden, Sarpsborg, Fredrikstad og Austevoll. Utanom dei store arrangementa har me laga keeperdagar der keeperane får litt ekstra, 6 - 7 gonger i året. 

Kvifor keeperskule?

Dette etterlengta tilbodet er det Terje Skjeldestad som står bak. Etter mange år som keeper har han sett behovet for å gi eit motivasjons- og treningstilbod til keeperar i alderen 10 til 18 år. Alle som driv med fotball veit at keeperane ikkje får den merksemda dei treng på  treningar i eigen klubb. Å sette fokus på keeperrolla er difor viktig for Terje. Han er no med på å tilbakeføra noko av det han har lært på vegen til å bli ein av landet sine beste keeperar.

Keeperskulen er eit tilbod til unge utøvarar som vil skaffe seg betre kjennskap til keeperrolla. Samstundes er det også eit godt høve for trenarar og keepertrenarar å oppdatere sin kompetanse på det som har med keepertrening å gjere.

Gjennomføring av keeperskulen

Deltakarane vil bli delte inn i grupper etter ferdigheit og alder.

  • Minikeeper: I 2009 opna me for å gi 8- og 9-åringane eit tilbod til keepertrening. Dette vart ein suksess og me kjem sjølvsagt til å halde fram med dette. I denne gruppa blir det lagt inn mykje leik og moro.
  • Gøy å vere keeper: Denne gruppa vil trene spesielt på basisferdigheiter, men får òg mykje action. Denne gruppa passar òg fint for unge fotballspelarar som  ikkje heilt har bestemt seg om dei skal stå i mål eller spela ute på fotballbana.
  • Treningsgruppe: Den største gruppa vil vere dei keeperane som har stått i mål ei stund og som ønskjer å utvikle seg teknisk og lære nye treningsøvingar.
  • «Elitegruppe» for dei beste keeperane. Dette blir ei rein treningsgruppe der dei største talenta får sjå korleis det er å trene på eit høgt nivå, og sjå kva slags krav som blir sette til ein god keeper.