Keeperskule i Kaupangerhallen 4.–5. desember 2026

Meld dykk på – me gler oss til å sjå dykk!

Keeperskulen er open for alle frå 8 år.

Deltakarane blir delte inn i grupper etter alder og ferdigheiter, slik at alle får utfordringar og opplever meistring på sitt nivå.

Med engasjerte og fagleg dyktige instruktørar legg me til rette for lærerike, utfordrande og kjekke treningsøkter. Dette er òg ein flott sjanse for unge fotballspelarar til å finna ut om keeperrolla kan vere noko for dei.

Gruppeinndeling

Minikeeper (8–9 år)
Ei gruppe for dei yngste, der deltakarane får ei innføring i grunnleggjande keeperteknikk gjennom mykje kjekk og variert aktivitet.

Gøy å bli keeper (10–12 år)
Her blir det meir trening på basisteknikk, og sjølvsagt masse «action» for dei som verkeleg vil prøva seg i mål.

13 år og eldre
Treningsøktene blir meir krevjande, med større fokus på teknikk, rørsle, reaksjonar og spelrelaterte situasjonar.

Praktisk informasjon

Registrering: I Kaupangerhallen fredag frå kl. 16.45.

Utstyr: Fotballsko, keeperhanskar og drikkeflaske.

Hugs å ta med ei god niste til laurdagen og gjerne ekstra treningsklede.

Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør! 😊

Har du spørsmål om arrangementet, ta gjerne kontakt på e-post eller telefon 977 72 804.

Prisar

Deltakaravgift 8–9 år (fødde i 2017 og 2018) kr 1 000,–
10 år og eldre (fødde i 2016 eller tidlegare) kr 1 400,–
Gjennom ein samarbeidsavtale mellom Kaupanger IL og Terje Skjeldestad keeperskule får keeperane i Kaupanger IL delta til halv pris.
Deltakarar som har delteke på og betalt for tysdagstreningane våre i vinter, får òg delta til halv pris.

Betalingsinformasjon:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive namn på deltakaren og fødselsår.

Program

fredag 4. desember
Kl. 16.45     Registrering. Klar til trening
Kl. 18.30 Slutt
Laurdag 5. desember
Kl. .10.00   Trening
Kl. 11.30       Lunsj
Kl. 12.30      Trening
Kl. 14.00 Slutt

Me gler oss til to dagar med keepertrening, meistring og fotballglede!