Keeperskulen er open for alle frå 8 år. Deltakarane blir delte inn i grupper etter alder og ferdigheiter, slik at alle får utfordringar på sitt nivå. Instruktørane er engasjerte og fagleg sterke, og deltakarane vil lære mykje undervegs. Dette er òg ein flott sjanse for unge fotballspelarar til å finna ut om keeperrolla kan vere noko for dei.
Gruppeinndeling
Minikeeper (8–9 år)
Ei gruppe for dei yngste, der deltakarane får innføring i basisteknikk for keeperar og deltek i mykje kjekk og variert aktivitet.
Gøy å bli keeper (10–12 år)
Her blir det meir trening på basisteknikk, og sjølvsagt masse «action» for dei som verkeleg vil prøva seg i mål.
13 år og eldre
Treningsøktene blir tøffare, med meir fokus på teknikk, bevegelse og spelrelaterte situasjonar.
Informasjon
Registrering: Startar ved i Kaupangerhallen fredag kl. 16.45
Utstyr: Fotballsko, keeperhanskar og drikkeflaske
Hugs å smørje med deg ei god niste på laurdag. På kalde dagar, ta med varme treningsklede.
Me håpar alle tek med seg rikeleg godt humør! 😊
For spørsmål om arrangementet, ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804.
PRISAR:
8– og 9-åringar(født: 2016 og 2017) kr 1000,–
10 år og eldre(Født 2015 og eldre) kr. 1400,–
BETALINGSINFO:
Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive namn på deltakaren og fødselsår.
Program:
fredag 5. desember
Kl. 16.45 Registrering. Klar til trening
Kl. 18.30 Slutt
Laurdag 6. desember
Kl. .10.00 Trening
Kl. 11.30 Lunsj
Kl. 12.30 Trening
Kl. 14.00 Slutt

