Er de klare for keeperskule på Skulestadmo, Voss, 24. og 25. september?

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjerande instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Skulestadmo for å få tips til keepertrening.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og det blir køyrt tøffe treningsøkter.

Praktisk gjennomføring av keeperskulen:

Registrering startar på Ørnar IL sin stadion på Skulestadmo laurdag frå kl. 10.40.

Utstyr: Fotballsko, keeperhanskar og drikkeflaske. Ekstra klede viss dårleg vêr.

Keeperskulen stiller med frukt og Lerum saft og jus til lunsjpausen. Smør skikkeleg niste til deg sjølv.

        Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør😊

Har de spørsmål om arrangementet kan de ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2013 or 2014) kr . 1000,–

  • Fra 10 år(født 2012) kr. 1400,–

 BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren og fødselsår.

Program:

Laurdag 24. september
Registrering frå kl. 10.40
Kl. .11.00   Klar for trening
Kl. 12.30      Lunsj
Kl. 13.30      Trening
Kl. 15.00 Slutt

Søndag 25. september
Kl. 10.45         Frammøte og klar for trening
Kl. 11.00         Trening
Kl. 12.30         Lunsj
Kl. 13.30         Trening
Kl. 15.00         Slutt