Keeperskule i Sognahallen, Sogndal

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjerande instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Kaupanger for å få tips til keepertrening.

Ta kontakt om du ikkje kan delta på alle treningsøktene.

Følg med på denne sida om endringar i program og gjennomføring av keeperskulen!

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og det blir køyrt tøffe treningsøkter. .

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2012 or 2013) kr 1000,–

  • 10–12 år (2009, 2010 og 2011) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2008 og eldre) kr 1600,–

 BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren og fødselsår.


Program:

Fredag 26. november
Frå kl 19.10 Frammøte og registrering: Sognahallen, klare til trening.
Kl. 19.30–21.00   Trening

Laurdag 27. november
Kl. 10.15      Frammøte klar for trening
Kl. 10.30   Trening
Kl. 12.00      Lunsj(ta med god niste til lunsj og drikkeflaske til trening)
Kl. 13.30      Trening
Kl. 15.00 Slutt

Søndag 28. november
Kl. 10.20         Frammøte og klar for trening
Kl. 10.30         Trening
Kl. 12.00          Lunsj(ta med god niste til lunsj og drikkeflaske til trening)
Kl. 13.30          Trening
Kl. 15.00          Slutt

  • Alle må ha med fotballsko, joggesko, keeperhanskar og drikkeflaske med namn

  • Smør skikkeleg god niste til lunsj laurdag og søndag. Lerumjus og saft stiller keeperskulen med.

  • Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)