Keeperskule i Sognahallen 28.–30. oktober. No har du sjansen til å melde deg på den største keepersamlinga i haust. Dette MÅ du få med deg;-)
INFORMASJON OG PROGRAM
Keeperskule i Sognahallen 28.–30. oktober 2016
Keeperskulen er for alle mellom 8 og 16 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Sognahallen for å få tips til keepertrening.
Gruppeinndeling:
- 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.
- Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".
- Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir nok køyrt med høgare intensitet og fart.
Dei to yngste gruppene passar godt for jenter og gutar som ønskjer å finne ut om keeperrolla er noko for dei. Uansett er dette god trening for alle, store og små.
PRISAR:
- 8– og 9-åringar kr 1000,–
- 10–12 år kr 1400,–
- 13 år og eldre kr 1600,–
BETALINGSINFO:
Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren.
Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)
Program:
Fredag 28. oktober
Frammøte og registrering frå kl. 18.00
Kl. 19.00–21.00 Trening
Laurdag 29. oktober
Kl. 11.00 Frammøte i Sognahallen, klar for trening:-)
Kl. 11.15 Trening
Kl. 13.00 Lunsj
Kl. 15.00 Trening
Kl. 17.00 Slutt
Søndag 30. oktober
Kl. 09.45 Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00 Trening
Kl. 12.00 Lunsj
Kl. 13.00 Trening
Kl. 15.00 Slutt
- Alle må ha med fotballsko, joggesko, leggskinn keeperhanskar og drikkeflaske med namn
- Smør skikkeleg god niste til lunsj laurdag og søndag. Lerumjus og frukt stiller keeperskulen med.
- Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)