Terje Skjeldestad keeperskule til Austevoll i august

Sjå endringar i programmet for keeperskulen på Austevoll!!!

Terje Skjeldestad keeperskule stiller sjølvsagt til ny keeperskule i Austevoll. Dette blir fjerde gongen me er med på å arrangere keeperskule i Austevoll. Som før, stiller keeperskulen med ivrige og motiverte instruktørar.

Målgrupper for keeperskulen: Alle i alderen 8-18 år som er interessert i å lære meir om keeperrolla.

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet. 
  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".
  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir nok køyrt med høgare intensitet og fart.

 
Dei to yngste gruppene passar godt for jenter og gutar som ønskjer å finne ut om keeperrolla er noko for dei. Uansett er dette god trening for alle, store og små.

Me håpar foreldre og trenarar kan kome og sjå på treningane. Det er viktig at jentene og gutane får oppfølging utover hausten. Me veit at øving hjelp på motivasjon og mestring, som er viktig for å ha det gøy:-)

Dette blir i alle fall gøy!

PRISAR:

  • Minikeeper. fødselsår 2006 og 2007 - kr 900,- (overnatting kun med foresatte)
  • Gøy å vere keeper, fødeslår 2003, 2004 og 2005 - kr 1100 (kr 1300,- inkl. overnatting på skule)
  • 13 år og eldre, pluss 2002 - kr 1300,- (kr 1500,- inkl overnatting på skule)

 

BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive namn på deltakaren.

Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)

 

PROGRAM

Alle treningsøktene vil bli på Selbjørn idrettsanlegg, Bekkjarvik

Laurdag 29. august

11.30 - 11.45         Frammøte/Registrering

12.00 - 14.00         Trening

14.30 -                     Lett lunsj

16-00 - 18.00        Trening

18.00                        Grilling

Søndag 30. august
 

10.00 - 12.00       Trening

12.00                     Lett lunsj

13.00 - 15.00     Trening

15.00                       Slutt

Ta med god niste til lunsjen, så får de jus og saft frå oss. 

Dette treng du å ha med deg til keeperskulen:

-Fotballsko/joggesko
-Leggskinn
-Keeperhanskar
-Treningstøy. Rikeleg i tilfelle dårleg vêr
-Sovepose og liggeunderlag for dei som skal overnatt
-Handkle
-Godt humør – ekstra viktig :-)