Terje Skjeldestad keeperskule er godt fornøgde med arrangementet på Skulestadmo på Voss. For oss er det kjekt å kome til Voss att med keeperskule. Mange av deltakarane i år har delteke på fleire keeperskular på Bømoen - kjekt å sjå dei att:-) Me må òg skryte av insatsen til alle deltakarane, den er imponerande, det er ikkje lett å halde konsentrasjonen oppe i alle treningsøktene
Samarbeidet med Ørnar IL har fungert svært godt, så me håpar att dette kan bli eit årleg arrangement. Me håpar deltakarar, foreldre og trenarar er fornøgde med keeperskulen. Sjåast neste år:-)